Henger litt etter her. Men uansett, 19. November var eg i Lillestrøm på Dogs4All med Hera. Sidan eg hadde oppmøte kl. 09 og skulle gå som nr. 19, var eg veldig tidleg ute. Fikk god parkering og sidan eg hadde så god tid, gikk eg først inn med bur og stol, før eg gikk ut for og hente sekken og lufte Hera.

Hera er ikkje så vant med utstilling, og langt i frå ei så stor utstilling som Dogs4All er! Og sidan ho då treng litt tid til og «lande» på, er ho ganske bjeffete av seg.
Vel tilbake ved ringen, satte eg ho i buret sitt og skulle til og slå opp stolen min, då vår nærmaste nabo med eit par Airedale Terriere, som hadde plassert seg klin inntil meg og Hera, begynte å snakke til meg. Hera bjeffa og det var allerede begynt å komme ein del folk og hundar i hallen, så eg hørte ikkje heilt kva han spurte om.

«Skal ho halde på sånn der heile dagen!?»
«Er du heilt døv eller!?»
«Brukar du høreapparat???»

Han var svensk og han var sur. Kvifor? Fordi Hera bjeffa. Vart rett og slett litt satt ut. Og litt lei meg. Så eg tok med meg Hera ut igjen og tråkka litt rundt ute, før vi henta eit teppe i bilen som eg kunna ha over buret.

Vel inne igjen, var svensken vekke. Det var derimot komt fleire med elghund, og ei av dei hadde fått med seg litt av det svensken sa. Ho kom bort og snakka litt med meg, spurte kva han hadde sagt og meinte slike som han ikkje har noko på ei hundeutstilling og gjere. Då må dei faktisk tåle litt bjeffing. Og eg kunne ikkje vert meir enig med ho!

Svensken var plutseleg tilbake, då med kona si. Mens eg sitter og finner fram snartnummer og utstillingslina, hører eg han seier høgt og tydeleg til kona si:

«Ho der, ho er heilt døv ho!»

Kjenner eg blir litt tung og trist om hjertet at enkelte skal spre så mykje kvalme rundt seg.
Men eg får sjå det positive i det: Heller bjeffing enn aggressive hundar som må bruke grime for å kunne kontrollerast inne på området. Så der fikk du den, din dumme svenske med Airedale Terriere.


Hera var litt satt ut av alt og var litt av og på. Når vi kom inn i ringen, kobla ho av, då var plutseleg ikkje godbitane gode nok og ho vart hengande litt etter når vi sprang rundt. Ho sto vel heilt OK, men ho kan betre. Når dommaren kom, var ho veldig nyskjerrig på.
Av to startande, endte ho som nr. 2 i juniorklassen med excellent. Ho skulle vel eigentleg vidare for og konkurrere om beste tispe trur eg, men eg endte opp med og gå derifrå. Hodet mitt var kobla litt av, og ho har jo uansett ingenting og hente, så lenge ho ikkje har fått noko godkjent jaktprøve.

Oppdrettaren hennar var der forresten også. Han kom bort og hilste på når vi var ferdige i ringen. Sist han såg ho, var i sommar, og då var Hera veldig smal. No har ho lagt seg ut veldig mykje i front, så han sa han kjente ho ikkje igjen før han såg at det var eg som gikk med ho. Men han syns ho var blitt kjempefin. Og det er jo alltid kjempegøy når oppdretter seier slikt!

Etter å ha pakka ting og tang tilbake i bilen, gikk eg rundt og såg litt på stand området med Hera på slep. Syns dessverre det blir dårlegare og dårlegare for kvart år, så det einaste som vart med heim i år, var 2 stykk beskyttelsesmatter til å ha forran buret i bilen. En til meg og en til Fredrik. Og litt smaksprøver då, så klart.

Planen var å kjøre heimover igjen på mandagen, for ikkje å slite meg sjølv ut fullstendig med lang dag på utstilling og lang dag i bil etterpå. Men fordi eg var ferdig så innmari tidleg og dagen på utstillinga ikkje var så lang som eg trudde den skulle bli, kjørte eg tilbake til Drammen, der eg sov hos onkel. Då var ikkje klokka meir enn 13:30 eller noke, så då fant eg ut at eg like gjerne kunne kjøre heilt heim. Så då pakka eg alt i bilen, takka for meg og dura i veg heimover.

21:35 parkerte eg heime, etter ein ekstremt lang dag, som starta 05:15.




Linda Haugen

05.desember

Det er kvalmende og skuffende med slike ufine folk rundt ringene. Dessverre føler jeg det er en del av det også, noe som gjør meg trist. Det er dessverre noen der ute som lever kun for hundeutstillinger, eller som bare skal lage litt kvalme. Allikevel er det stort sett hyggelig tone blant folk og møter hverandre med respekt. Hera er veldig fin, og veldig hyggelig å få slik tilbakemelding fra oppdretter! Gratulerer med 2. og Excellent! Skjønner at dere dro, godt å komme hjem innimellom også selv om det blir sent :) Har du noe plan for jaktprøve i nærmeste tid ? er ingen gjestebok her enda, men du kan svare som kommentar, skal jeg huske på å kikke innom :)

Kristine Lilleløkken

03.desember

Så irriterende med ufine folk på utstillinger, selv vært borti alt for mange slike bedrevitere. Gratulerer med en fin andreplass og excellent! Nydelig hund du har forresten. Vi hadde en schæfer med navn Hera<3 blir spennende å følge dere, har du blogget noe her før?