Spike's blogg

Blogg



Eg er ei jente på 26 år. Eg bur på garden Øvrabø der me har ca 60 vinterfora sauer, 50-100 slaktegris,2 fjordingar + eit følognokre hundar :)

Hundane mine no erSpike på8 år, og Hedda på 1 1/2 år. Alle er Border Colliar og er/skal brukast til gjeting.
Ross selde eg hausten 2010 pga han mangla det litle ekstra eg ville ha som gjetarhund. ein fantastisk energibunt som har sett sine spor.
Frøya som var mitt store håp inan gjeting måtte eg gi opp grunna manglande kjemi og at eg absolutt ikkje fekk ho til som gjetarhund. I november 2010 bytta eg ho mot Hedda, og både eg og han eg bytta me er godt nøgde :)

Treningsfilosofi og metodarer er ein ting som har vorte mykje diskutert her inne. Eg kan kort oppsummere min filosofi og trening slik. Eg tek imot alle tips eg kan få til trening, plukkar ut det eg synes høyres bra ut, prøver det på mine hundar, og nyttar det som verkar. Er veldig klar over at det som passar for ein hund nødvendigvis ikkje passar for andre hundar. (Spike og Ross er prakteksempel på det...)
Elles så trener eg mest mogleg positivt, men meiner at hundane toler å bli tatt litt dersom det er nødvendig.